• Heim
  • Starte bedrift
  • Etablering

Etablering

Etablering

Fram Flora AS er Flora kommune sitt næringsapparat. Vi driv blant anna fyrstelinetenesta, som er det naturlege kontaktpunktet for deg som er idéskapar eller oppfinnar, gründer eller etablerar.

Frå idé til verksemd

Er du oppfinnar? Har du ambisjonar om å starte eiga verksemd? Har du ein idé du meiner har eit potensiale? Ynskjer du å skape din eigen arbeidsplass, og leve av eiga verksemd?

Fram Flora gjer bistand og rettleiing til grunderar og etablerarar som ønskjer å etablere verksemd i kommunen. Fram Flora skal også sikre nyskaping og utvikling innan eksisterande verksemder i kommunen. Fram Flora er sakshandsamar for det kommunale næringsfondet i Flora kommune.

For å lære meir om det kommunale næringsfondet, klikk her.

I ulike samanhengar skal Fram Flora profilere og representere næringslivet i kommunen og marknadsføre kommunen som ei attraktiv og næringsvennleg kommune.

Korleis kan vi bistå deg?

Fram Flora kan blant anna tilby

  • Vegleiing i forhold til idéskaping og etablering
  • Kontorplassar for inkubatorverksemder, gründerar og etablerarar - i eit sentralt, kompetansefylt miljø
  • Bistand med forretningsplan, forretningsmodellering og marknadsplanlegging
  • Kontaktskaping og nettverk
  • Vegleiing i forhold til finansiering, støtteordningar og investorkapital

Vi ynskjer å halde ein lav terskel. Om du ynskjer tilbakemelding på ein forretningsidé, som endå er kun på idéstadiet - kontakt oss. Om du Ser rom for forbedring i verksemda du arbeider i, og har nokre tankar om kva som kan gjerast - kontakt oss. Om du ynskjer ein hyggeleg prat over ein kopp kaffi om næringslivet, byutvikling, studier, boligmarkedet eller anna - ta kontakt. Vi behandlar alle henvendelsar konfidensielt. Vi har fleire kontorplassar tilgjengeleg for inkubatorverksemder, gründerar og etablerarar.